Lokalnytt

Korkafé med Joyful

Mange kom på Joyful sin korkafe på kyrkjelydshuset søndag.

Publikum møtte talrikt fram då Joyful inviterte til kafé og konsert på Sunnylven kyrkjelydshus. Det vart eit par trivelege timar der både song og servering fall i smak.

Joyful tel tretten songarar og i tillegg leiarane Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim. Kristin har vore med som korleiar i 14 år, Oddbjørg eitt år mindre. Men det var Elisabeth Runde og Bjarne Sjåstad som starta koret i 1985. Då hadde det namnet Hellesylt Barnekor før det vart til Joyful, eit ungdomskor som har fått mykje rosande omtale heilt frå starten av.

Kvaliteten bekrefta dei under korkaféen søndag. I pausen mellom sal av karbonadesmørbrød, pølse med brød, kaker og kaffi vart det song for dei frammøtte som talde nær 80 unge og eldre. Av sju songar var tre med norsk tekst, og som alltid fekk mange av koristane prøve seg som solistar. Og applausen sat laust mellom publikum.

Styreleiinga for koret var svært godt nøgde. Det gode frammøtet gav godt med pengar i lagskassa, både frå matsalet og tombola.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380