Korkafé på Hellesylt
Søndag blir det «Norsk på norsk» når kordamer på Hellesylt inviterer til songkonsert med kafé. Til samfunnshuset kjem også Jårångskoret og andre songartistar.
Det har blitt øvd heilt sidan i fjor til korkaféen på Sunnylven samfunnshus søndag 22. april. Songkoret som også har vore sterkt engasjert i gode Hellesylt songlag, består av berre damer.
Manglar kornamn
Koret manglar eit namn, så kanskje kan publikum hjelpe med forslag. Vi kan antyde to tre forslag, som KorGodt, KorRått, eller KorSmått. For etter iherdig jobbing enda det med ni damer under leiing av Kristin Storstein. Smått, men godt heiter det, eit uttrykk vi også kan bruke om damekoret som inviterer til konsert på samfunnshuset.
Det blir totalt åtte, ni songar av kjente norske grupper og komponistar, Vamp, Halvdan Sivertsen, Hellbillies, Rolf Løvland og fleire. Solist med koret blir Knut Hanssen og på tangentar Gunnar Inge Eide.
Gjestar
På fjorden går Bolsøy mellom Geiranger og Hellesylt så søndag tek Jårångskoret ferjeturen og blir å høyre på Sunnylven samfunnshus. Dei framfører songar frå musikalen «Spelemann på taket».
Og etter det vi kjenner til får vi høyre to «gjesteartistar» under konserten, nemleg Claudia Scott og Terje Tysland.
Det er gratis inngang, men det blir utlodding og sal av kaffi og kaker. Bli med på Korkafé på samfunnshuset søndag 22. april klokka 15.00.