Leiger kaihuset på Hellesylt

Kaihuset på Hellesylt er eigd av Stranda kommune og blir i fyrste omgang leigd ut i to år.

Bonsaksen på Øvre Ljøen har inngått leigeavtale av kaihuset på Hellesylt med eigar Stranda kommune. Leigeavtalen er på to år.

Firmaet Bonseye som er eigd av familien Bonsaksen på Øvre Ljøen i Sunnylven driv mellom anna opplevingsturar med ribbåtar på Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden. I lenger tid har dei vore i kontakt med Stranda kommune om kjøp, eventuelt leige av kaihuset på Hellesylt. No har begge partar blitt samde og inngått avtale om leige i to år.

Selskapet Bonseye har både eit stort antall drakter og anna utstyr i samband med ribbåt-transporten som treng lagerplass. Bonsaksen seier at dei samarbeider gjerne med fleire og håper at mellom anna Uteguiden kan ha informasjon der. Og kanskje kan det bli eit sal av visse produkt. Han er glad for å ha fått i stand leigeavtalen med kommunen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380