Lokalnytt

Markerer Grunnskuleveka

Elevar og lærarar frå Kulturskulen øver song, mellom anna på ein Olav Stedje-låt.

Grunnskuleveka 2018 blir markert ved Sunnylven skule torsdag 12. april. Elevane vil stå for mykje god underhaldning på arrangementet som er ope for alle.

Sunnylven skule har lange tradisjonar for å markere Grunnskuleveka. Tema i år er «Vandring», eit tema som er symbolsk for mangt i ei verd der folk reiser mykje, men også blir flytta på grunn av krig og katastrofe.

Gjennom eit tett samarbeid med Kulturskulen i veke 14 og 15 har elevane øvd inn eit flott program i ord og tonar, samspel og song, drama og dans. Mottoet til Sunnylven skule er, «Vi kan, vi vil og vi tørr». Eit sterkt slagord å leve opp til, men utan å røpe for mykje frå programmet såg vi nok til å tru på det.

Grunnskuleveka ved Sunnylven skule 2018 blir markert med program i Sunnylven samfunnshus torsdag 12. april frå klokka 16.00. Det er gratis inngang og arrangementet er ope for absolutt alle uansett tilknyting til elevar eller Sunnylven skule. Bli med på eitt av dei flotte innslaga denne våren, markering av Grunnskuleveka ved Sunnylven skule.

Her er det eitt av skulen sine Band som øver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380