Norsk på norsk i vårkonsert
Det var både kjærleik og gryande vår i repertoaret som damekoret presenterte under konserten i Sunnylven samfunnshus søndag. Rundt hundre møtte fram til det flotte arrangementet.
Gjennom vinteren har ni damer i Sunnylven samla seg til songøvingar. Søndag var dagen komen for å presentere resultatet for hundre unge og eldre i salen. Som musikalsk ansvarleg også denne gong var hyra inn Gunnar Inge Eide på tangentar.
Kari Hauso Stadheim ønska alle vel møtt til vårkonsert. Ho lova musikk og song med mykje kjærleik, både til songen, menneske, bygda, til livet og til språket. Og damekoret viste verkeleg kjærleik til sitt norske språk då alle songtekstar var på norsk av norske visediktarar. Dei opna med Halvdan Sivertsen si «Viss du vil ha mæ» og deretter kom perler som «Danse mot vår», «Engler i sneen» og to Vamp-låtar «Kem du no va» og «Liten fuggel». Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim var solistar med koret i nokre av songane.
Mot slutten kom Jan Eggum si vise «Ryktet forteller» framført av Oddbjørg, «Aldri meir» av H. Kiran, «Finast eg veit» av Hellbillies og Bob Dylan-låta «Fordi eg elskar deg» med Kristin som solist. Vårkonserten med damekoret vart av det flotte slaget og hausta mykje verbal ros i salen. Slike arrangement var det ønske om å få oftare.
Gledeleg var også møtet med Jårångskoret som i motsetning til damene frå Sunnylven hadde menn i korrekkene. I fyrste avdeling framførte dei frå «Spelemann på taket» og etter pausen musikalske perler frå «Sound of music», mellom anna «Om eg var ein rikmann», «Edelweiss» og «My favourite things».
Heller ikkje Jårångskoret er talrikt, men i både samklang og toneprakt fekk publikum fine songopplevingar med songarane frå turistbygda.
Som finale på ein flott konsert kom den alltid speleglade trubadur Knut Hanssen og Kristin Storstein med Terje Tysland sin populære «Heile livet». Veldig bra, det svinga og det liva opp hos mange, eit verdig punktum på ein flott vårkonsert.