Planlegg for oppussing av gravplass

Kyrkjegarden ved Sunnylven kyrkje ser ikkje berre bra ut, men no er eit «ryddearbeid» på gang.

Sunnylven sokneråd og Storfjord kyrkjelege fellesråd kalla inn til folkemøte på Sunnylven kyrkjelydshus. Her vart planane for gravplassen ved Sunnylven kyrkje presentert.

På den gamle kyrkjegarden rundt Sunnylven kyrkje blir det arbeidd ut ein plan for å setje kyrkjegarden i vakker stand. Leiar i Sunnylven sokneråd, Stig Tryggestad sa at målet var å få til ein finare kyrkjegard der gravminne frå ulike tidsepoke blir verna. Gravminne som er betalt festeavgift på blir som i dag medan andre utan betalt festeavgift blir fjerna. Soknerådet ønskjer innspel på planane, for her kan mange følelsar spele inn, sa Tryggestad.

Til stades på møtet var også Jan Olav Hesthaug frå Storfjord kyrkjelege fellesråd, ei samanslutning for kyrkjelydane i Stranda, Stordal, Norddal, Ørskog og Skodje kommunar.

Gravplassen ved Sunnylven kyrkje ser ikkje så bra ut som den burde. No er målet å gjere ei opprydding av gravminne det ikkje er betalt for, og samstundes verne vakre og spesielle gravminne frå ulike tidsbolkar, sa Hesthaug. Det er laga kart over gravplassen og teke bilete av gravminne som vil bli fjerna og som ein ønskjer å behalde.

Det er foreslått fjerna ca. hundre gravsteinar, og desse blir sett på laget i eitt år. På sikt, kanskje om eit par år vil ein kunne ta i bruk kyrkjegarden til nye graver. Då blir det bratte området til høgre når ein kjem inn kyrkjeporten nytta til urnenedsetjing, resten blir til 150 kistegraver, sa Hesthaug.

Når det gjeld betaling for graver og feste er dei fyrste 20 år gratis. Deretter er vanleg festetid til 60 år. Frå då til 80 år må det søkjast og betalast festeavgift kvart femte år. Etter 80 år blir grava sletta om det ikkje er spesielle forhold knytt til grav og gravminne.

I samband med arbeidet vil det bli ein del planering på den gamle kyrkjegarden ved Sunnylven kyrkje, men om eit par år vil det vere grønt og fint igjen, sa Jan Olav Hesthaug. Han beroliga med at dette med gravstader i Sunnylven ikkje var nokon prekær situasjon. Der var framleis mange plassar igjen på den andre kyrkjegarden på Jogardsbøen sjølv om det minka også der etter kvart.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380