Rydda i Sunnylven

Pål Orheim t.h., Kennet Tvinnereim og andre frå S.G.T og Årim var i Sunnylven onsdag og samla inn mykje grovavfall og andre miljøskadelege produkt.

Den årlege innsamlinga av storboss og anna miljøfarleg avfall i Sunnylven vart rik og variert på produkt også denne gongen.

Mange store konteinarar vart fylte også i år då Årim i samarbeid med Stranda Gjenvinning & Transport gjennomførte det flotte tiltaket i bygda med innsamling av storboss og andre miljøfarlege produkt. Trafikken av bilar og traktorar med hengarar var stor til innsamlingsstaden på Hellesylt, og som vanleg med eit variert utval «varer». Spesielt elektriske artiklar vart det ein god del av. På annan stad på Hellesylt vart landbruksplast og plastkanner levert, også der vart det tilkøyrd store kvanta som renovatørane etter kvart fjernar.

Den mobile Miljøstasjonen har besøkt Hellesylt i mange år. Eit flott tiltak som innbyggarane håper vil halde fram også i nye år, for mengda innlevert søppel er stor, det virkar nesten utømmeleg. -Kanskje litt mindre enn i fjor, men dagen er ikkje slutt enno, sa Pål Orheim frå SGT tre timar før slutt. Rundt 40 tonn har brukt å kome inn på «årets vakraste dag for miljøet» i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380