Skulehuset på Ljøen i bruk igjen

Minikonserten med Odd Harald Eriksson i skulestova på Ljøen vart nesten to timar lang.

Det gamle skulehuset på Ljøen har stått åleine for ver og vind, men no blir det restaurert og teke i bruk igjen. Laurdag var det intimkonsert i skulestova.

På ein krakk i eit hjørne i den nymåla skulestova sat trubadur Odd Harald Eriksson med gitaren sin. Det var klart for akustisk konsert like ved skulemeisteren sitt kateter, til lyset frå stearinlys og varme frå ein staseleg etasje vedomn. Men vi var alt for få som fekk oppleve visesongaren frå Karmøy på Ljøen denne kvelden.

I følgje kaptein Frank Ole Bonsaksen på offshore-skipet Normann Installer er Odd Harald Eriksson ein dyktig kranførar på båten, men i tillegg har han fått ei songrøyst med alle oktavar på noteskalaen. Og med stor innleving formidla han visene til komp frå gitaren sine strengar med leikne grep. Odd Harald var ein visesongar som fanga sitt publikum i skulestova på Ljøen. Ikkje berre i tonar og musikk, men også i valet av viser som kom både på norsk og engelsk.

Berre eit ti-talls personar kom til minikonserten for å høyre trubaduren frå Karmøy.

At Karmøy har nesten beine sjøvegen over til Irland gjenspegla seg i repertoaret. Frå to turar til Dublin og opplevingar på pubar der var tonane på Ljøen lett gjenkjennelege. Og minikonserten på Ljøen gjer nok ein ny tur til Irlands hovudstad sannsynleg igjen. Som takk og ei lita helsing frå vertskapet på Ljøen fekk trubaduren frå Rogaland overrakt eit bearbeida saueskinn med inskripsjon av Bente Bonsaksen.

Skulehuset på Ljøen var i bruk fram til 1950, og ein av dei siste lærarane der var Peder Kristian Frøysa. Lite vedlikehald har blitt gjort på skulehuset i åra som har gått, men no blir det teke vare på. Det har fått nytt tak og ny himling inne i skulestova, veggane er måla i same farge som var tidlegare, skorsteinen er riven og det er sett inn stålpipe for vedomnen som er restaurert. Det er søkt om SMIL-middlar til vedlikehaldet fortalde Ole Hjalmar Bonsaksen, men uansett skal skulehuset på Ljøen takast vare på for samlingar og minikonsertar, om vi forstod familien Bonsaksen rett.

 

Bente Bonsaksen med den flotte og varmande gåva til Sjølvaste Odden. Vikingen på saueskinnet har Bente teikna sjølv.

Skulehuset som no blir restaurert står like ved Den Trondhjemske postvei på Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380