Stranda kommune ønskjer innspel

Stranda kommune inviterer til folkemøte i alle bygdelaga i samband med utarbeiding av samfunnsdelen i kommunedelplanen. Dei håper på godt frammøte med innspel og idear til planarbeidet.
-Kva er dine ønskjer for Stranda kommune og ditt nærmiljø si utvikling? Det er spørsmålet Stranda kommune stiller innbyggjarane når dei held folkemøte i dei fire bygdelaga i tida 23. til 26. april. -Vi ønskjer å høyre kva du meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla, skriv kommunen på nettsida si.
-Stranda kommune er i gong med å utarbeide samfunnsdelen av kommuneplanen. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunen både som samfunn og som organisasjon. Vi ønskjer å høyre kva du meiner er viktig for Stranda og di bygd si framtid, og korleis vi kan nå måla.
Tema som står i fokus er:
- Bygd og tettstadutvikling
- Helse og omsorg
- Barn og unge
- Samferdsel og infrastruktur
- Samfunnstryggleik
- Naturmangfald og natur
- Kultur, kulturmiljø og idrett
- Næringsliv og sysselsetting
Stranda kommune inviterer alle interesserte til å delta i møter med oss for å få innspel til arbeidet. Det vert servert kaffe/te og brus – og noko attåt. Ta med deg ditt engasjement og dine ønskjer, idear og venar, og bli med på planverkstad:
Mandag 23. april kl. 1800 på Trollstova i Liabygda
Tysdag 24. april kl. 1800 på Storfjord kulturhus
Onsdag 25. april kl. 1900 på Sunnylven samfunnshus
Torsdag 26. april kl. 1800 på Union hotell.