Vårtreff med revyinnslag

Revymann, pensjonist og «rallar» Asbjørn Tryggestad deklamerte dikt og song viser under Vårtreffet til Sunnylven pensjonistlag.

Sunnylven pensjonistlag sitt Vårtreff på Sunnylven kyrkjelydshus vart som vanleg ein triveleg ettermiddag med god servering, tombola, og lødige revyinnslag.

Leiar Astrid Langeland hadde leita fram diktet «Jeg velger meg april» då ho helsa vel møtt til Vårtreff i Sunnylven pensjonistlag onsdag. Mellom 50 frammøtte var også Asbjørn Tryggestad, pensjonisten og revymannen frå Langevåg i Sula, men som reknar seg som ekte sunnylving når nokon spør. Her i heimbygda har han og kona Liv hytte med påbygg etter kvart som familien har vakse.

Tryggestad kom til sine eigna onsdag der han underhaldt på fortreffeleg måte og fekk fram både latter og applaus i salen. Karen som har leia programmet frå utescena under Sommardagar på Hellesylt fleire gonger hadde med både gitaren og feiselen, og med rallarhatten på vart det fleire viser frå livet til dei som har bygd ferdselsårar i og gjennom fjell.

Det vart viser og dikt av Hartvig Kiran, dikt av Finn Sandum frå Skjåk, fleire revyviser, også omskrivne frå Tryggestad sin eigen penn, og han deklamerte diktet «Høgaltaret» av den lokale diktaren Ivar Ringdal. –Eit flott dikt å minnast når eg sit på toppen av Steimsnibba ein vakker dag. Sjølv om trimturane på Sula ofte går til 800 meter høge Sulafjellet er det Steimsnibba som er favorittfjellet mitt, sa Asbjørn Tryggestad.

-Eg er sunnylving, det er i Sunnylven eg har vakse opp, det er der eg har dei gode minna frå. I tillegg til turar i skog og fjell røpa han også stor interesse for kreefiske der ein god makkeplass bak løa i heimetunet har blitt rift om mellom andre sysken.

Tryggestad tok fram minner frå far sin som var med å bygde fyrste Streke-tunnelen. –Ingen hadde finare hender, eller vottane til far når steinstøvet låg på dei, sa han. Kanskje skulle Sunnylven med så mange veganlegg og arbeidarar opp gjennom åra hatt sin eigen vegarbeidarens dag og utstilling kring nettopp dette, slo Tryggestad fram på om. Ikkje ein dårleg ide det!

2018 er Vinje-år, og som ei lita markering av det vart Vårsamlinga i Sunnylven pensjonistlag avslutta med ein av Åsmund O. Vinje sine kjende songar, «Blåmann blåmann bukken min».

Det vart mange gåver og gode takkeord frå leiar i pensjonislaget, Astrid Langeland til Asbjørn Tryggestad etter trivelege innslag på Vårtreffet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380