
Mange komposisjonar til Veslefrikkprisen frå Sunnylven skule har kome til finalen. Nyleg var eit filmteam på skulen og fylgde elevar og lærar ein dag. Filmen blir vist nett-tv www.musikkfaget.no i morgon fredag 13. april klokka 12.30.
Sunnylven skule kom til finalen i Veslefrikkonkurransen med to bidrag i år. Dei siste tre åra har skulen hatt fem komposisjonar i finalrunden til Veslefrikkprisen. Det var imponerande og eit resultat ingen andre skular i landet kunne vise til, sa Trond Otto Berg under grunnskuleveka torsdag, ei faktaopplysing som han fekk med seg heile forsamlinga i stor applaus for. Bidraga vart belønna med diplomar frå Veslefrikkprisen.
Til å dele ut diplom til dei to, 1. og 2. klasse og 7. klasse hadde Kulturskulerektoren henta ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad. Han var mellom publikum i salen og hadde fått med seg ei fantastisk «Vandring»-forestilling av elevane. Eitt av slagorda til temaet elevane hadde hengt opp på sceneveggen var «Livet er best ute». Det kunne godt vere, i alle fall på ein så fin dag, sa ordføraren. Men med slik underhaldning var det også fint å vere inne i Sunnylven samfunnshus, tykte han.
Elevar og lærarar tok mot diplomane til stor applaus frå dei frammøtte.
Husk sending av film frå Sunnylven skule fredag 13. april kl. 12.30 på www.musikkfaget.no