Yggdrasil, høgare enn himmelen

Ingunn Parr, dotter til kunstnaren var med og såg til at meisterverket kom trygt fram til Peer Gynt galleriet.

– Yggdrasil, treet som vaks over himmelen har vore ei krevjande oppgåve. Det er blitt skore vekk mykje trespon og laga mange blyantriss før det vart ferdig fargelagt,

Det sa Oddvin Parr då vi var innom verkstaden hans tidleg på 08-talet og Yggdrasil stod ferdig. Han hadde sett seg godt inn i historia frå norrøn mytologi og forklarte viljug om detaljar i det store kunstverket.

-I Håvamål blir det fortalt at guden Odin ein gong hang seg i eit tre. Kanskje var det i Yggdrasil, ein ask som breier sine greiner utover heile verda. Treet er alltid grønt og frå greinene fell det doggdropar. Yggdrasil har tre store røter, den eine er hos æsane og Urdarbrønnen som nornene ausar vatn på treet frå. Den andre rota er hos rimtursene, og under der er den vise jotnen Mimes brønn. Den tredje rota er i Nivlheim, og på den rota gnagar ormen Nidhogg.

På toppen av treet sette Parr ei stor ørn som symbol på herskarane. Nede ved røtene er fotfolket, kvinner med vasskrukker som gjev treet vatn for å halde det friskt. I treet lever dyr, hjortar og eit ekorn.

Oddvin Parr sitt Yggdrasil var laga på bestilling, men vart ikkje selt. No blir det å sjå i Peer Gynt Galleriet saman med Parr sine andre store trerelieff frå Peer Gynt.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380