Bier får bustad
I strålande sol tysdag gjekk turen til Hellesylt Bygdetun for elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule. Dei hadde eit viktig oppdrag, å produsere bie-hotell.
Mellomsteget ved Sunnylven skule tel meir enn 20 elevar. I Hellesylt Bygdetun vart dei delt inn i grupper for å jobbe sjølvstendig, med litt rettleiing frå fire lærarar. Etter kvart var 12 bie-hotell ferdig og hengde opp rundt om i bygdetunskogen.
I skuggen på låvebrua hadde fire elevar etablert «verkstaden» sin. Konrad Lade, Helene Hellebostad, Ari Kjellstadli og David Røyrhus var saman på gruppe, det var gruppe 1 A, fekk vi oss fortalt. Dei skulle lage to bie-hotell, samansett av to plankebitar til ein kubbe på ti gange ti centimeter og med skrått tak i eine enden.
Hola i klubben varierte frå 4 til 10 millimeter, så dei håpa på både store og små bebuarar. –Kvefs vil vi ikkje ha, men humler er hjarteleg velkomne i store flokkar, for dei gjer mykje nyttig arbeid, sa Konrad, noko dei andre var samde i.
Og boremaskinene dura, det vart mange hol i treklubbane. Kor mange talde vi ikkje, men det vart heilt sikkert rikeleg av bie-hotell med boligar i Hellesylt Bygdetun før mellomsteget var ferdig med skuledagen.