Boklån og utlodding ved Sunnylven bibliotek

Ved Sunnylven bibliotek blir det i tillegg til utlån av bøker utlodding både 22. mai og 6. juni til inntekt for biblioteket.
Lån bøker, kjøp kaffi og kaker og vinn fine nyttige gevinstar på utlodding. Støttegruppa ved Sunnylven bibliotek håper på godt besøk når dei inviterer til litt ekstra under opningstida to tysdagar no i slutten av mai og fyrst i juni. Dei håper mange kjem, både for å låne bøker, men også for å støtte med kjøp av kaffi, te, saft og heimebaka kaker, og snurrelodd på utloddinga. Inntekta går til biblioteket.
Under opningstida tysdag 22. mai og tysdag 5. juni er det utlodding og sal av mat og drikke. -Vis at du støttar biblioteket i Sunnylven, du er alltid velkomen innom, er meldinga frå støttegruppa.
Sunnylven bibliotek har desse faste opningsdagane;
Måndag kl. 16.30 – 17.30
Tysdag kl. 16.30 – 18.30
Torsdag kl. 09.00 – 11.00
Fjerde kvar veke er Sunnylven bibliotek stengt. Sjå oppslag på biblioteket, skulen og barnehagen.