Lokalnytt

Får besøk av Landbruksdirektoratet

Jørn Stadheim har bygt ut gardsbruket med nye driftsbygg, bakkeplanering og dyrking av ny jord. Her er eit større område som er klar for tilsåing.

Onsdag 6. juni kjem Landbruksdirektoratet på besøk til Stranda. Det blir omvising på Stabburet Stranda og gardsbesøk i Sunnylven.

Jørn Stadheim blir vert for gardsbesøket til Landbruksdirektoratet i Sunnylven. Gardsbesøket er ope for alle interesserte. På garden Stadheim blir det dyrka gras med produksjon av geitmjølk og storfekjøtt. Jørn Stadheim har drive omfattande bakkeplanering av det litt brattlente bruket og har gjort utbygging og renovering av både våningshus og driftsbygning. I tillegg har han ein stor maskinpark og driv leigekøyring både sommar og vinter. Under besøket vil Jørn Stadheim fortelje om korleis dei driv og korleis dei ser på det å vere bonde.

Næringssjef Inge Bjørdal opplyser at besøket frå direktoratet er frå avdelinga som forvaltar produksjonstilskot og velferdsordningar, og er sentrale premissleverandørar i utvikling av datasystem for søknader og forvaltning. Såleis er besøket også ein gylden sjanse til å uttrykke meiningar, behov og forslag til forbetringar på dette område, seier Bjørdal.

Besøket og representantar for Landbruksdirektoratet kjem til Stranda ca. kl. 11.00 onsdag 6. juni og tek fyrst turen til pizzafabrikken i Svemorka for omvising. Deretter kjem følgjet til Sunnylven og Jørn Stadheim. Garden ligg like ved Steimsfossen og Stadheimfossen camping. Tidspunkt for besøket her som er ope for alle interesserte, vil kome seinare.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380