Får ekstra cruisebåtbesøk

Tysdag 29. mai legg cruisebåten Rotterdam til kai på Hellesylt og blir liggande til neste dag.

Grunna sterke vindar i Nord-Norge har cruisebåten Rotterdam lagt om ruta. Båten kjem i staden til Hellesylt tysdag og blir ved kai til onsdag.

Cruisebåten Rotterdam har hatt problem i Nord-Norge med vind og kjem sørover ein dag tidlegare enn planlagt, melder Stranda hamnevesen KF. Rottedam legg til ved Hellesylt cruisekai tysdag klokka 09.30. Her blir båten liggande til neste dag, onsdag 30. mai kokka 06.00. Då held den fram turen til Geiranger før Bergen 31. mai.

Det er fyrste gong cruisebåten Rotterdam kjem til Hellesylt. Båten er 238.0 meter lang og har i følgje cruiselista 1404 passasjerar om bord. Det er ikkje planlagt utflukter så langt, så det vil bli folksamt i Hellesylt sentrum heile tysdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380