Feira nasjonaldag i sol og sommarvarme

Eit langt og fargerikt folketog med Hellesyltfossen i bakgrunnen

Med salmen «Gud signe vårt dyre fedreland» opna ei godt besøkt festgudsteneste i Sunnylven kyrkje på nasjonaldagen. Eit songbodskap som alle kunne prise nok ein gong.

Feiring av nasjonaldagen i Sunnylven vart ei samling i høgsommarleg ver. Dagen rann med sol frå ein nær skyfri himmel og med varme som bunadskledde truleg tykte var i meste laget. Det fine veret varte dagen ut.

17.mai vart nok ein gong feire i eit fritt land. Slik har det ikkje alltid vore, det vart festkledde minte om før innsteget i kyrkja. Like ved inngangen er det reist ei minnetavle over falne sunnylvingar i krig, og som god tradisjon vart det lagt ned blomar ved minnetavla. Det stod to elevar frå 10. klasse for saman med leiar i festkomiteen og i Sunnylven IL, Per Ingebrigt Karbø.

Feirar felles eignalut

I Sunnylven kyrkje var det tonefylgje til salmane frå Sunnylven skulekorps, og song av Joyful med solistar Kristine Hjellbakk Hole, Oddbjørg Stadheim og Kristin Storstein.

I si tale mintes sokneprest Stein Karstensen frå feiringa av 17. mai då han var ung. Det var mykje godt å få, neste i meste laget. -Men på ein slik dag er det lov å pynte seg og kose seg litt, for vi feirar vår friheit, vår grunnlov, våre felles reglar og vår felles eignalut, sa soknepresten.

Barnehagen var mannsterke i toget og med eiga fane.

Langt folketog

Etter gudstenesta var det barnetog der både unge og gamle gjekk saman frå kyrkja til omsorgssenteret og tilbake til Sunnylven samfunnshus. I front for det lage og fargerike folketoget gjekk som vanleg ei flaggborg, før Sunnylven skulekorps under sin dirigent Trond Otto Berg inspirerte til taktfast gange til svingande korpstonar. Kva hadde vel 17. mai i Sunnylven vore utan skulekorpset. Truleg stusselege greier og langt frå så stemningsfullt. Korpset er ein av bygda sin store kulturberarar, limet som styrkjer samhaldet og på 17. mai får unge og eldre til å gå i same flokk, i same folketog.

Barneleikarringen dansa både ved omsorgssenteret og under folkefesten.

Dans og folkefest

Som tradisjonen er stilte barneleikarringen i Hellesylt ungdomslag opp med danseframsyning ved Sunnylven omsorgssenter. Her var mange bebuarane møtt fram for å sjå framsyninga der ungdomar i lette steg svinga seg på området fram for inngangen til «lystig» musikk.

Arrangør av nasjonaldagfeiringa, Sunnylven Idrottslag hadde også lagt opp til leikar ved samfunnshuset, og til slutt var det folkefest med tale for dagen av elevar ved 10. klasse, og kulturelle innslag av elevar frå kulturskulen.

Hesteskokasting, populært mellom både unge og eldre.

Unge elevar frå kulturskulen gleda med musikk på både piano og fele.

Folketoget svinga i Gatå og tok runden forbi Peer Gynt galleriet.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380