Festtale frå 10. klasse

Ti elevar frå 10. klasse var alle på talarstolen og bidro til ei god 17. mai- tale i Sunnylven. Det vart belønna med eit beløp til klasseturen frå festkomiteen.

Ta vare på kvarandre og landet vårt, var sluttappellen til 10. klasse i 17. mai talen til ei nær fullsett storstove i Sunnylven. Ei tale som dei ti elevane hausta stor applaus for.

Det vart ikkje talen med dei svulstige orda og flotte visjonane frå elevar i 10. klasse då dei følgde opp tradisjonen som 17. mai-talarar på folkefesten. Kloke formuleringar handla i staden om opphavet til nasjonaldagfeiringa, og at vi må huske å vise takksemd for at vi bur i eit fritt og godt land. Her er eit lite samandrag av festtalen frå 10. klasse ved Sunnylven skule;

-Vi er samla for å feire vår nasjonaldag, det Eidsvoll-mennene fekk på plass i 1814. Det vart ei grunnlov bygd på friheit, likheit, brorskap, og sist men ikkje minst på kjerleik til eige land. I dag lever vi i eit fritt og godt land, det bør vi vere takksame og stolte av. For ikkje alle i verda har ein kvardag som oss, for eksempel å kunne gå på skule eller nok mat til å overleve.

Henrik Wergeland gjorde dagen til ein festdag spesielt for borna. På 17. mai kan alle i dag kose seg med is og pølse og mykje anna godt. Og dagen er fin også for andre som gjerne møter slekt, vener og andre vi ikkje treffer så ofte. På 17. mai er alle glade og fornøgde og det kan vi vere med rette. Vi har mat på bordet, vatn i kranen, tak over hovudet og elles alt vi treng. Vi må ta vare på kvarandre og landet vårt. Kjære alle saman, gratulerer med dagen!

Elevane i 10. klasse ved Sunnylven skule skal på klassetur om ikkje mange vekene. Frå 17. mai-komiteen overrekte Per Ingebrigt Karbø eit lite beløp til reisekassa som takk for gode og reflekterte ord.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380