Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS
Det er sendt ut innkalling til generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS. Møtet finn stad i selskapet sine lokale på Hellesylt 13. mai, etter opning av ny Verdsarvutstilling same dag.
I årsmelding for Peer Gynt Galleriet AS 2017 blir det informert om fleire forhold som vedkjem selskapet og den økonomiske stoda. Det går fram at selskapet har hatt ein stram økonomi, at der ikkje var rom for utvida drift eller naudsynt vedlikehald.
Som følgje av at det er gjort endringar av driftsmodellen og inngått samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, blir det opna ei ny Verdsarvutstilling i bygget 13. mai i år. Tema for utstillinga er «Med naturen som inspirasjon». Gjennom samarbeidet med Verdsarvstiftinga blir det jobba med representantar for cruiseskipselskap om besøk. I 2017 hadde kunstgalleriet nokre besøk frå cruiseskipreisande som låg til kai på Hellesylt. Ein håpar å inngå avtalar om nye besøk i både 2018 og seinare år, skriv styret i årsmeldinga.
Det blir endringar av cafédelen. Styret innstiller på at drifta blir etter same modell som caféen i Verdsarvstiftinga sine lokale i Geiranger. Det blir eit begrensa utval varer og ikkje mange varmrettar.
Eigar av eigedom og kunstsenteret på Hellesylt er det lokale selskapet Heltre AS. Selskapet leiger ut lokala til Peer Gynt Galleriet AS med fritak for leige i to år framover.
Årsmelding og rekneskap for Peer Gynt Galleriet AS blir lagt ut på selskapet si heimeside, www.peergyntgalleriet.no