Kari-Anne til topps i Ålesund maraton.

Kari-Anne gjekk heilt til topps i Ålesund maraton. På dette bildet spring ho Hellesyltløpet i 2013.

Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL gjekk heilt til topps på Ålesund Maraton i dag. 8 kvinner sprang full distanse og Kari-Anne var nesten 10 minutt før neste kvinne i mål. Ho kom i mål på tida 3.26.44.

Kondis.no skriv at det var flott vårvær innover Brusdalen i dagens løp. Litt varmt vart det då sola titta fram. Men like før start på halvmaraton skya det over og temperaturen låg då på behagelige 15 grader.

Maraton for menn vart vunnen av Jonas Hesthaug frå Eidsdal IL på tida 2.52.03.

Du kan lese meir, og sjå bilder frå løpet på:

https://www.kondis.no/19-aaringen-jonas-hesthaug-vant-maraton-i-alesund.6116564-127676.html

 

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info