Kevin Kildals «Dri**liv» til Hellesylt

Kevin Kildal (Foto: midtsiden.no)

Kevin Kildal er ein hardtslående og til tider sint komikar. Etter fleire år på standup-scenen kjem Snapchat-kjendisen til Hellesylt to dagar etter Norges gebursdag.

Kevin Kildal har etablert seg med eit fritt og frimodig ordspråk, ein stil som har lagt grunnlaget for humoren og suksessen han har oppnådd. Men også meir alvorsame og ærlege tema blir berørt av mannen som kjem til Hellesylt med showet som selde to fulle hus i Bodø i september 2017.

Kevin turnere med soloshowet sitt «Dri**liv». «Dri**liv» tøtsjar innom alt frå helt generelle ting som går han på nervane til meir seriøse, ærlige og mørke tema. Kevin gler seg til turen til Hellesylt laurdag 19. mai, og det bør du også gjere. Ta med venner og legg igjen dine moralske kompass heime og bli med på ein «hysterisk» morosam kveld!
Showet har turnert for fulle hus fleire stader i Norge.

I soloshowet kjem publikum nær Kevin Kildal i form av alt frå kvardagsvurderingar til å utlevere, mørke og triste historier om pinlege hendingar og vanskelige periodar i det som han sjølv kallar eit «Drittliv».

Staden for ein time med latterkuler og deretter såre magemusklar er Sunnylven samfunnshus laurdag 19. mai. Arrangør av «morolidinga» er Hellesylt Ungdomslag.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380