Notiser

Maiblomar og Jentebølgja på Hellesylt

Jentebølgja har blitt arrangert på Hellesylt i fleire år. Her frå 2012.

Tysdag 8. mai inviterer sanitetslaget til gatecafé, og deretter går den lokale Jentebølgja, eit arrangement i samarbeid med trimgruppa i Sunnylven IL.

Gatecafé

På frigjeringsdagen frå klokka 14.00 og i to timar har Sunnylven sanitetslag sal av vaflar, kaffi og maiblomar i Hellesylt sentrum ved Coop. Inntekta frå sal av maiblomar går til arbeidet mellom born og unge.

Jentebølgja

Litt seinare same dag går den lokale Jentebølgja, eit etter kvart årvisst arrangement som sanitetslaget og trimgruppa samarbeider om. Gåturen går etter Bygdavegen frå sentrum til Stadheim og tilbake til Hellesylt stadion, ei strekning på ca. 5.0 km. –Ta med deg barn og barn i barnevogn, mor, veninne og tante til ein ettermiddagstur i eige tempo, er oppmodinga frå arrangøren.

Også vi anbefaler turen etter vegen langs med Korsbrekkeelva. Sjå kor flott Hellesylt Næringslag har fått utsiktsrydda, sjå Korsbrekkeelva og sjå gras og blomar kor friskt dei yddar i ein ny vår.

Tilbake på Hellesylt stadion kan ein slappe av etter turen og sjå fotballkampen mellom Sunnylven – Emblem 7-er som blir spela kl. 18.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380