Mykje klart til Hellesyltdagane

Frå Hellesyltdagane 2017.

Det blir spektakulære opplevingar i lufta, i vatn og med fast grunn under føtene i årets Hellesyltdagar 6. til 8. juli. Men viktigast av alt, det meste blir etter den gamle, gode oppskrifta.

Måndag hadde komiteen for dei 31. Hellesyltdagane nytt planleggingsmøte. Vi var der og fekk fretta litt av det som skal skje frå 6. til 8. juli 2018. Mykje er klart, men framleis heng «lause trådar i lufta».

I sentrum av Hellesylt blir utescena og storskjerm rigga og der lovar komiteen gode innslag av tilreisande og av lokale artistar både laurdag og søndag. Namn på artistar kjem seinare.

Mange salsboder

På Ole Ringdal`s plass blir det rigga telt som i fjor. Her blir servert gratis frukost på laurdag, og der blir det festivaldans under open himmel laurdag kveld/natt slik det var i fjor. Sunnylven samfunnshus blir handelshus, og i sentrum ligg det ann til å bli mange salsboder. Svært mange har alt tinga plass så dei som vil til Hellesyltdagane for å by fram produkt må ringe Rebekka snarast på mob. 958 38 841.

Nytt av året blir visning av El-bilmerke. Spesielt eitt bilmerke har vist interesse for å kome, får vi opplyst.

World Base Race

Komiteen bekreftar at mange av dei faste innslaga er på plass, som Thomas tivoli, loppemarknad, gudsteneste på Høgreiten, grilling med fotballgruppa og Hellesyltløpet. Det er også stadfesta frå annan stad at World Base Race har planlagt fjellflyging frå Helsetkopen denne helga. Fleire ti-talls utøvarar har meldt seg til konkurransen frå den populære ekstremsportarenaen i Sunnylvsbygda.

Og det blir meir luftige opplevingar under sommarfesten. Frå 1286 meter høge Steimsnibba set lokale speedflygarar utfor med landing nær Hellesylt sentrum. Eit nytt innslag og ei oppleving som vi anbefaler å sjå.

Finale i fossen

Under Hellesyltdagane blir det ekstra gode handletilbod, både frå stands og lokale butikkar. Både go`kjøpa og anna blir omtala i ei festivalavis som det blir jobba med. Finalen på dei 31. Hellesyltdagane er som vanleg i Hellesyltfossen der rundt 2000 plastender på nytt skal knive om fyrst til «mål» i hendene på prost Svein og hans mannskap. Dei ti fyrste gjev fine pengepremiar.

Reisa til start med over 2000 deltakarar i Andesleppet 2017 er i gong.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380