Øcal restaurant i ny drakt

Ramazan og Tahir Øcal kan etter mykje jobbing slappe av og glede seg over nye, flotte lokale.

Ved Øcal restaurant på Hellesylt vart heile april månad nytta til ombygging og restaurering av den populære serveringsstaden. 10. mai opna verksemda igjen, større og flottare med nytt interiør.

Øcal restaurant er opna for dagleg drift etter ombygging. No kan drivar Ramazan Øcal vise fram eit nytt og spanande lokale med store endringar. Kapasiteten er monaleg utvida, det er blitt nye møblar, store bilete på veggane, og turistane sitt populære fotomotivet på Hellesylt viser seg heilt inn. Lokalet er opna opp slik at Hellesyltfossen, buldre ned etter svaberga er synleg i all sin prakt gjennom eit stort vindauge.

Gamle veggbilete

Øcal restaurant har fått heilt nytt og moderande kjøkken, der er eigen «urein avdeling», og bardisken er ny. Etter ombygginga har lokalet plass til to bussgrupper og det er nesten dobbelt så mange som tidlegare, fortel Ramazan. På veggane er kome store bilete frå gamle dagar av cruisebåtar på fjorden og anna aktivitet på Hellesylt. Også nyare motiv vil fange gjestar sine interesser, mellom anna eit stort foto av det nye stupetårnet på badestranda. Utanom rør –og elektrisk har dei gjort all ombygging sjølve.

Restauranten har mykje nytt både av interiør og anna som pyntar opp.

Jubilerer neste år

Serveringsstaden ved Hellesyltfossen har blitt mykje kjent for sine mange variantar og gode pizza. Det var matretten som starta det heile for 20 år sidan. Pizza står framleis på meny-kartet, men i tillegg får gjestane kjøpe mykje anna, som lakserettar, kjøtrettar, kebab, alkoholhaldig og alkoholfri drikke, kaker og kaffi, og is og softis med fleire sortar strø, fortel Ramazan som har bestemt jubileumsfeiring for restauranten til mai neste år.

På nasjonaldagen

Ramazan og far Tahir driv Øcal restaurant og har ope stort sett heile året. Til 17. mai håper dei mange kjem innom, gjerne heile bygda, seier dei. På nasjonaldagen står mykje godt på meny-kartet.

–Vi serverer vaflar, softis og kaffi heile formiddagen, og seinare blir det pepperlaks med rømme og agurksalat. Og sjølvsagt pizza, seier Ramazan.

Ramazan og Tahir Øcal gledar seg begge til at turistsesongen startar for fullt og ønskjer at den blir like travel i år som tidlegare. Liv og røre både inne i dei nye lokala og på restaurantområdet utandørs, det håper dei på.

Mange av bileta på veggane har motiv av cruisebåtar som har besøkt Hellesylt.

Etter ombygging har restauranten kapasitet til å ta mot to bussgrupper.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380