Lokalnytt

Opna imponerande verdsarvutstilling

Sentrale aktørar frå venstre: Iris Fivelstad, Einar Nilsson, Anne Jorun Sæten og Dag Stadheim.

Interesserte bygdefolk og tilreisande fylte kafeteriaen på Peer Gynt-senteret ved opninga av den nye verdsarvutstillinga i bygget.
– Dette er ein gledens dag, og så stort at eg treng jukselapp, sa styreformann Dag Stadheim då han ønskte velkomen.

Musikkgruppa «Fossedur» følgde opp med songen «Har du fyr», med ønskje om at dette bygget no vert eit kulturelt fyrtårn i bygda. Litt seinare var det musikkinnslag ved felespelarane Synnøve Hjellbakk Hole, Knut Jarle Kroken, Kåre Tvinnereim og Gunnhild Sindre. Naturleg nok spela dei slåttar etter Ola Kjellstad.

Fossedur. Frå venstre: Oddvar Gausdal, Knut Hanssen, Jostein Ringdal og Olav Elling Gausdal.

Trykk på avspelingsknappen over for å høyre «har du fyr».

Trong samarbeidspartnarar
Vi såg at vi trong nokon å samarbeide med for å få folk inn i bygget. Det har teke to år, men no har vi fått eigedommen tilbake til lokale investorar, og kommunen har også bidrege økonomisk, fortalde Stadheim. Vi har også fått på plass eit samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv. Merete  Løvoll Rønneberg har vore prosjektleiar for oss, og ho har lagt ned ein kjempejobb, fortalde Stadheim, og overrekte blomar til henne for innsatsen.
– Men skulle vi fått gjort dette arbeidet, måtte bygda også ville det. Og vi har avvikla folkemøte, hatt ei arbeidsgruppe i sving, og mange bygdefolk har lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats, roste Stadheim.

– Det er dykkar eige hus
Merete Løvoll Rønneberg gratulerte bygdefolket med dagen.
– Dette er dykkar hus, og det er opp til dykk korleis utviklinga skal bli i dette verdsarvhuset. Men vi har no fått ei utstilling som passar flott saman med Oddvin Parr sine fantastiske relieff, sa ho.
– Tema for utstillinga er «Med naturen som inspirasjon» for både friluftsmenneska, næringslivet og ulike kunstnarar.
Anne Jorun Sæten har vore designar for utstillinga.
– Ho har vore ein fin person å samarbeide med og kjempeflink til å skape ein heilskap i utstillinga, der verdsarvstiftinga har ansvaret for innhaldet. Dugnadstida har og vore viktig og hyggjeleg, meinte Løvoll Rønneberg. Ho gav og blomar til styreleiaren for godt samarbeid.

Styreleiar Dag Stadheim mottok blomster frå Merete Løvoll Rønneberg.

Visualisere det spektakulære i naturen
Anne Jorun Sæten var både stolt og glad for at utstillinga no var ferdig. Gjennom arbeidet hadde ho fått inspirasjon frå og blitt kjent med mange lokale kunstnarar og handverkarar, og ho hadde lagt vinn på å visualisere det spektakulære i naturen. – Utstillinga må no stå på eigne bein, sa ho og takka samstundes ei rad personar som hadde vore svært gode medhjelparar for henne i arbeidet.

Flott gåve frå den lokale banken
Stig Tryggestad frå Sparebanken Møre på Hellesylt fortalde at banken hadde vore med Peer Gynt-galleriet i fleire år. Han vona no mellom anna på at dette prosjektet kunne føre til eit vidare næringssamarbeid med Geiranger, og overrekte ei gåve på heile kr. 250.000.

Ordføraren skar snora
Ordførar Jan Ove Tryggestad gratulerte også så mykje med dagen. Han hadde fått kika litt på utstillinga på førehand, og var storleg imponert:
– Eg skal love dykk ein ting. De vert slått til jorda av intrykk. Eg var på verdas tak då eg stod der inne. Det å sjå på omgjevnadane sett frå Nokkenibba gjer at du føler deg som på verdas tak, du treng ikkje reise til Nepal for å oppleve dette. Du kan få det innanfor verdsarven.
På vegne av Stranda kommune takka han for eit fantastisk utført arbeid.
– Kunsten til Oddvin Parr fortener meir merksemd. Eg trur vi har fått eit løft gjennom denne utstillinga og er i ferd med å skape grunnlaget for dette no, sa Tryggestad  mellom anna.
Han overrekte så ein plakett med Stranda kommune sitt kommunevåpen på til styreformann Dag Stadheim.

Så fekk ordføraren æra av å kutte snora inn til den nye utstillinga med ein gammal kniv, eit symbol på gamle handverkstradisjonar i bygda.

Felespelarar frå venstre: Kåre Tvinnereim, Synnøve Hjellbakk Hole, Gunnhild Sindre og Knut Jarle Kroken.

Trykk på avspelingsknappen for å høyre ein slått av Ola Kjellstad.

Mykje folk var tilstades på opninga.