På sølvplass i Molde 7topper

Anniken Hjellbakk Hole sprang motbakkane i Moldeheia godt og vart nest beste dameløpar. (Foto: Privat)

Anniken Hjellbakk Hole kom på andre plass i fjelløpet Molde 7topper i dag laurdag 26. mai. Vinnar i dameklassa vart Johanna Åstrøm, Lucksta IF, SWE.

Anniken Hjellbakk Hole, Sunnylven IL har forma inne til nye styrkeprøver. Laurdag kom ho på ein sterk andreplass i fjelløpet Molde 7topper med tida 2.08.01, vel ti minutt bak vinnaren, men langt føre bronsevinnar Audhild B. Rognstad, Emblem IL. Om to veker blir «Frå fjord til fjell» i Geiranger arrangert.

Totalt deltok rundt 1200 på dei ulike distansane og klassene i Molde 7topper. Berre i mosjonistklassene fullførte 418 løparar, skriv Kondis.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380