Lokalnytt

Potetballdag på torsdagar

Kvar torsdag kan ein «nasjonaldag» i matrett feirast. Den dagen blir det servert sunnmørsk festmat, potetball ved Øcal restaurant på Hellesylt.

Øcal restaurant er «matstova» på Hellesylt. På menykartet finn ein mykje av god norsk tradisjonsmat og i tillegg eit godt utval av kebabrettar og Pizza. Fristar ein dessert er også det å få, gjerne ein softis med strø etter smak og behag. Og i glaset er det råd å få fleire sortar forfriskingar.

Etter ombygging av restauranten og nytt moderande kjøkken er torsdag blitt fast potetballdag ved Øcal restaurant. Ein dag mange kjem til å setje pris på, for ein tallerken med potetball, kålrot, bacon, litt kokt tørka kjøtt og gjerne ei ekstra potet, det er ein sunnmørsk festrett.

Så langt har det blitt ein jubeltorsdag for potetballens Venner på Hellesylt. Men gleda held fram, lovar Ramazan Øcal som har lært seg å lage den sunnmørske spesialiteten. Han har plass til mange etter ombygginga av restauranten og ønskjer velkomne til bords og potetball kvar torsdag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380