Storsiger til G16.

Sunnylven G16 vann 9 – 1 over Herd 2 på Hellesylt stadion torsdag. Det stod 3-1 ved pause.

Det var aldri tvil om sigeren på Hellesylt stadion torsdag kveld det Sunnylven G16 møtte Herd 2. Gjestane stilte eit reint 15års-lag i denne kampen, mot Sunnylven der fleire av spelarane er eitt år eldre.

Då domar Odd Even Svindset, VRF bles for full tid stod det 9-1 til heimelaget som no toppar tabellen med 7 poeng etter tre kampar. Eit nytt «storlag» held på å vekse fram i Sunnylven så no gjeld det å ta vare på talenta slik at A-skuta får fulltallig mannskap om eit år eller to.

Spelarar i kampen mot Herd 2; Kristian F. Hauge, Markus Norangshol, Jakob Sæther, Loke Kjellstadli, Simen F. Hellebostad, Viktor Fivelstad, Espen Ringdal, Olai S. Kristoffersen, Isak Elias F. Hauge, Even Lade og Emil Norangshol.

På lystavla stod det 9-1 for Sunnylven i rødt og blått. Laget vann andre omgang 6-0,

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380