Lokalnytt

Stranda som Norges arvesølv

Eit bilete av Stranda vil pryde flasker akevitt frå Det Norske Brenneri som Norges «arvesølv». (Foto: Wikipedia)

Det Norske Brenneri lagar kvart år ei spesiell utgåve av fatmodna akevitt som dei kallar Arvesølvet Summer Edition. For 2018 er bilete av Stranda ned mot den kvite bygdebyen ved Storfjorden valt som ein av tre destinasjonar.

Biletet av Stranda er teke av RAW Reklame & Foto og vil pryde 1899 nummererte flasker med stor samleverdi til salgs over heile Norge. Å bli hedra som ei norsk arvesølvperle betyr mykje for oss. Vi blir dermed i godt selskap, i 2017 var det motiv frå Besseggen i Jotunheimen, Verdens Ende på Tjøme og Værøy i Lofoten, skriv Line Løseth i Salg & Marknad, Strandafjellet Resort.

-Vi vil med dette invitere heile Stranda og våre venner til eit lanseringsevent av dei sjeldne! Vi skiltar med våre arvesølv som Stranda Fjord Gondol og Fjord Panorama Restaurant laurdag 12. mai frå 19:00 – 23:30. Vi serverer det vi anser som vårt arvesølv her ifrå Stranda, spekemat, laks og ørret og heimebrygga kønnøl av Stein Eldar Langlo i tillegg til andre lokale skattar. Lokale bryggeri vil også vere til stades og feire med oss, skriv Løseth.

Ho lovar både underhaldning, og profesjonell bartender frå den store hovudstad som miksar drinkar av innhald på flasker frå Det Norske Brenneri. Der blir også gode, norske alkoholfrie alternativ.

-Kom og bli med! Ta gjerne med venner og venners venner, er oppmodinga frå arrangøren.

Bestill billettar på Tikkio, søk etter «arvesølv»
Du kan også kjøpe billettar i resepsjonen på Stranda Hotel,
du kan ringe oss på 70 26 90 00 eller sende epost til  booking@strandafjellet.no

Pris kr. 475,- per person som også inkluderer Fjord Gondol opp kl. 18:30 – 19:00 med retur ned kl. 23.15 – 23.45, står å lese i invitasjonen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380