LokalnyttLokalsport

Tosifra til heimelaget

Sunnylven sitt vinnarmannskap. Framme frå venstre: Alf Ole, Eivind Louis, Helge, Kim Sture, Robert.
Bak frå venstre: Jørgen, Ottar, Jarl Vegard, Daniel, Trygve, Leif Rune, Magnar.

Menn Sunnylven 7-ar møtte Emblem på Hellesylt stadion tysdag kveld. Det var eit målrikt oppgjør.

Sunnylven slo Emblem 10 – 4 (6-2) i fotball 7-ar menn senior. Nesten som eit handballresultat, men artig for heimepublikum som etter mange år opphald fekk oppleve ein seniorkamp for menn igjen.

Sunnylven dominerte kampen og sigeren var fortent, men spelet var jamnare enn resultatet. Emblem sjokkopna og skåra alt etter eitt minutt, men frå då av styret Sunnylven oppgjøret der mellom anna Helge Karbø var ei sikker sisteskanse. Her har laget fått på plass ein svært god målmann som i alle fall Emblem sleit med å skåre på.

Men også resten av mannskapet imponerte. Det vart mange innbytte etter kvart, men frå startoppstillinga merka vi oss solid forsvarsspel frå Daniel Støverstein og Kim Sture Flo, tempo og innsats av Eivind Louis Helset og Trygve Aaland Tryggestad, og gode angrep frå Ottar Frøysa Hellebostad og Magnar Tufte Tyssen. Det enda i 6-2 leiing ved pause.

Magnar stanga inn 2-1

Andre omgang vart også målrik sjølv om heimelaget bytte inn fleire spelarar. Sunnylven hadde ein talrik innbyttarbenk i motsetning til Emblem sin eine så kanskje røyna det litt på kondisen i slutten av begge omgangar for dei blå –og kvitstripa gjestane.

Det var artig å oppleve menn senior på Hellesylt stadion igjen, men ei 7-er bane er alt for lita for så gode fotballspelarar!

Sunnylven: (Mål) Helge Karbø, Daniel Støverstein (1), Kim Sture Flo (1), Trygve Aaland Tryggestad (1), Ottar Frøysa Hellebostad (2), Magnar Tufte Tyssen (2), Jørgen Ringdal Sæter, Eivind Louis Helset (1), Jarl Vegard Røyrhus, Leif Rune Tryggestad (1), Robert Tryggestad, Alf Ole Sundgot (1).

God domar: Ole Petter Stenberg, Sunnylven FK.

Embem hadde ein god keeper, men sjølv om han fleire gonger låg i full strekk måtte han hente ti ballar ut av nota på Hellesylt stadion tysdag kveld.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380