Tradisjonell 17.mai-feiring

 

Det blir tradisjonell feiring av 17. mai i Sunnylven. Det viser programmet med Sunnylven Idrottslag som arrangør.

«Vi heiser flagget» som vanleg klokka 08.00, men etter det er alt program for feiring av nasjonaldagen i Sunnylven ein time seinare enn tidlegare år. Det startar ved kyrkja der det blir lagt ned krans ved minnetavla til dei falne. Vidare er alt etter tradisjonelt opplegg med festgudsteneste, barnetog, leik og konkurransar og folkefest med tale for dagen av elevar frå 10. klasse ved Sunnylven skule.

 Programmet for 17. mai:

08.00   Vi heiser flagget.

10.45   Skuleelevar legg ned krans ved minnetavla til dei falne

ved kyrkja.

11.00   Festgudsteneste i Sunnylven kyrkje

ved sokneprest Stein B. Karstensen.

Sunnylven skulekorps. Joyful.

11.45   Barnetoget går frå kyrkja om Peer Gynt Galleriet,

til omsorgssenteret og vidare til skulen.

Oppstilling av toget:

* Flaggborg

* Sunnylven skule

* Skulemusikken

* Barnehagen

* Lag og organisasjonar

12.30   Sal av mat og drikke på samfunnshuset.

13.00   Barneleikarringen opptrer

ved omsorgssenteret.

13.30   Leik og konkurransar

for barn og vaksne.

15.00   Samling på samfunnshuset.

*  Sunnylven skulekorps.

*  Tale for dagen ved elevar frå

10.  klasse ved Sunnylven skule.

*  Dans ved barneleikarringen.

*  Musikkinnslag.

*  Allsong.

Det blir ikkje sal av mat under

samlinga på samfunnshuset.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380