Tre lag med i turnering i Sykkylven.

På Kristi Himmelfartsdag sesongopna tre av dei yngste laga til Sunnylven. Det aller yngste laget til Sunnylven J-07 spela si fyrste turnering nokon gong og vann alle tre kampane sine. Og kanskje kjekkast av alt så kom alle spelarane på scoringslista. Dette laget er trena av Linn Kammen og Rita Rudning Røyrhus.
G-09, som er trena av Arild Hole og Ole Arnstein Ringdal, spela mot Ørskog 1, Ørskog 2 og Nordal/ Eidsdal/ Geiranger. Laget spela godt og vann alle dei tre kampane sine.
J-09 opna sesongen med tre knepne tap mot hhv. Stranda, FK Sykkylven og Herd. Men både i fyrste og siste kamp var tapet på kun eit mål, og mot Herd var det kun tverrliggaren som stod i vegen for eit uavgjort resultat. J-09 vert trena av Hanne Kvamme og Gunn Elise Gjelsvik.