Verdsarvgudsteneste i Geiranger

 

Morgan Berg er tilsett som Verdsarvprest også denne sommaren og blir å høyre under Verdsarvgudstenesta på Hausetsetra. (Foto frå arkivet)

Det blir Verdsarvgudsteneste i Geiranger på Hausetsetra, same stad som i juni i fjor. Arrangementet i år finn stad søndag 27. mai.

Austre Sunnmøre prosti inviterer til ei ny Verdsarvgudsteneste med skaparverket som tema. Gudstenesta er også lagt til rette for born. Samlingsstaden på Hausetsetra ligg ovanfor Møllsbygda og eit kvarters gange frå parkeringsplass på Korsmyra. Eit variert program er sett opp for gudstenesta som startar klokka 12.00.

Verdsarvprest

Som dei to siste åra er Morgan Berg også i sommar verdsarvprest i området. Under Verdsarvgudstenesta blir han å høyre med tale, det blir bøner og tekstlesing for born og unge, og song av Oddbjørg Solhaug og Morgan Berg. Musikalsk leiing står Gunnar Inge Eide for, og prost Svein Runde leiar gudstenesta.

Etter gudstenesta blir det innslag ved Verdsarvstiftinga og diverse aktivitetar med natursti og forslag til korte turar. Ta med niste og seteunderlag oppmodar arrangøren som er Austre Sunnmøre prosti i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.

Gudstenesta på Hausetsetra er for heile prostiet og alle andre.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380