World Base Race jubilerer i Helsetkopen

Nettopp landa frå Helsetkopen, frå venstre Alex Drozdov, Russia, Cato Nordbakk, Brandon Mikesell, USA og Kristian Rønning.

World Base Race er tilbake med fjellflyging frå Helsetkopen i juli, same helg som Hellesyltdagane blir arrangert. Søknad om bruk av helikoptertransport er sendt Stranda kommune.

I dagane 6. til 8. juli blir det World Base Race frå Helsetkopen. Då skal damer og menn konkurrere om raskaste «flyferd» frå toppen av 1246 meter høge fjellet Helsetkopen til landingsområdet ved Helsetvatnet.

I ein søknad til Stranda kommune blir det søkt om løyve til helikoptertransport av finaledeltakarane frå Helset til toppen av Helsetkopen. Søknaden er underteikna av lokal kontaktmann på vegne av World Base Race som i tidsrommet 6. – 8. juli skal arrangerast verdenscup i basehopping frå Helsetkopen i Sunnylvsbygda i Stranda kommune. Konkurransen foregår same helg som Hellesyltdagane 2018.

-Vi trur dette vil bli god PR for Hellesylt og Stranda kommune, heiter det til slutt i søknaden.

Ti-års jubileum

World Base Race feirar ti år ved Helsetkopen i år, opplyser Cato Nordbakk hos arrangøren, og som har vore deltakar under mange tidlegare konkurransar. Fjellflyging er avhengig av god sikt og lite vind. Dette har skapt problem ved tidlegare høve, men i år tyder mykje på gode forhold, i følgje spåmenn av Almanakk for Norge!!

Fyrste hoppar

-Ein skjult skatt-. Det sa Paul Fortun då han snakka om fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda i 2009. Han var den fyrste som heiv seg utfor det 1246 meter høgt fjellet i 2002. Det hugsa han godt. Dei var to mann på toppen som diskuterte kven som skulle hoppe fyrst. Det vart Paul Fortun, ein luftig tur ned til landing ved Helsetvatnet 1100 meter under og 1.3 km. i lengde ut frå startplassen på toppen.

Tidtaking
Seinare har både Fortun og mange andre opplevd Sunnylvsbygda i fugleperspektiv. Eller har dei tid til å nyte utsikta når turen tek rundt 30.0 sekund?
-Det er som ein 200 meter sprint, det gjeld om å bruke kortast tid frå start til mål, sa Fortun i 2009. Slik blir det også i 2018 under ti-års jubileet. Deltakarane hoppar ut frå start, to og to i lag, og ”flyg” i vingedrakt til dei kryssar over ei opptrekt snor i området ved landingsplassen på kortast mogleg tid.
Dommarane ligg på rygg under snora og registrerer plassering og tid deltakarane brukar. Og som i alle andre tevlingar på tid er den raskaste frå start til mål vinnar.

Etter Helsetkopen er det Gridsetskolten i Innfjorden i Rauma frå 9. til 12. juli, før det heile blir avslutta med finalehopping frå Katthammaren i Eikesdal 13. til 15. juli.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380