Andemor på plass

Andemor er på plass på Hellesylt, tre veker før Hellesyltdagane 2018.

Hellesyltdagane er berre tre veker unna. I dag kom andemor og la seg på vent i sjøkanten ved kaia.

Komiteen for Hellesyltdagane er snart i mål med programmet for årets sommarfest på Hellesylt. Frå fredag 6. juli til søndag 8. juli kan alle som besøkjer tettstaden innerst i Sunnylvsfjorden få oppleve nye, trivelege sommardagar, konkurransar og lotteri, god underhaldning frå utescena og ein messedans utan tak på danselokalet. Det heile blir avslutta med Det Store Andesleppet i Hellesyltfossen søndag, ein publikumsuksess heilt frå det fyrste «kappløpet» ned fossen i 2005.

I fjor starta meir enn 2000 gule plastikkender frå Høge bru. I vekene fram til «løpet» blir andemor liggjande og duppe i sjøkanten like ved kaia. Når konkurransen startar søndag 8. juli kjem ho til å flytte seg til målområdet like forbi Hellesylt bro for å følgje med på løpet saman med fleire hundre spente loddkjøparar. Andemor vart hjelpt på plass i sitt rette element søndag 17. juni av Marianne Fivelstad, Ole Johnny Brekke, Geir Ove Hauge og Olav Andreas Sætreås.

Programmet for Hellesyltdagane er nesten klar, og ei fyldig messeavis går i trykken tysdag 19. juni, får vi opplyst. Du kan lese programmet for dagane her;

Program Hellesyltdagane 2018

Fredag 6. juli

16.00 Tivoliet opnar
20.00 Kyrkjekonsert med Halvdan Sivertsen
21.30 Trubadur Tico spelar på Øcal

Laurdag 7.juli

09.00 – kl 11.00 Gratis frukost ute på Ole Ringdals plass
09.00 Loppemarknad v/skulen – Sunnylven Sanitetslag
10.00 Tombola v/banken – Sunnylven skulekorps
10.00 Handelshuset opnar
11.00 Sal av ender til ANDESLEPPET byrjar
11.00 Tivoliet opnar
11.00 Rjomegraut, kaffe og lefser på samfunnshuset – Sunnylven bygdekvinnelag
11.45 Grillmat v/samfunnshuset – Fotballgruppa S.I.L
12.00 OFFISIELL OPNING av Hellesyltdagane 2018 v Merete Løvoll Rønneberg
12.00 Variert program frå utescena:
– Lurblåsing
-Opningstale v/ Merete Løvoll Rønneberg
-Kilt
-Elektrifisering i Stranda- Helge Søvik
-Gaute Gneis
12.00 Rib-turar på fjorden
13.00 Helikopterflyging med Nord Helikopter v/Formvac
14.00 Gamleskulen opnar – sal av kaffe og kaker
15.00 Hellesyltløpet v/Hellesylt stadion
16.00 Variert program frå utescena
  -Konsert med Oselie
-World Base Race
17.30 Fotballkamp Sunnylven senior herrer- Nordal, Eidsdal, Geiranger.
22.00 Dans med Rune Rudberg og band på Ole Ringdals plass (Arrangør: Øcal)

Søndag 9.juli

11.00 Gudsteneste på Høgreitene v/Morgan Berg
12.00 Tivoliet opnar
12.00 Sal av ender til ANDESLEPPET (fram til 16.30)
12.00 Grillmat v/samfunnshuset – Fotballgruppa SIL
12.00 Helikopterturar – Nord Helikopter
12.00 HANDELSHUSET opnar
12.00 Sal av hjortegryte på samfunnshuset – Sunnylven skyttarlag
12.00 Tombola v/banken – Sunnylven skulekorps
12.30 Variert program frå utescena
13.00 Gamleskulen opnar
15.30 Variert program frå utescena
17.15  ANDESLEPPET 2018 i Hellesyltfossen

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380