LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Store Kvakk stakk av på Hellesylt

Den store gule anda er klar for sjøen, men ser ho ut til å planlegge røming alt her?

Store Kvakk på Hellesylt rømde ut fjorden måndag, men vart innhenta og sett i «arrest» inn til vidare.

Det vart eit lite drama på Hellesylt måndag då Hellesyltdagane si store andemor som har namnet Store Kvakk stakk av ut Sunnylvsfjorden. Kanskje vart det for einsamt å ligge i sjøkanten ved Grand Hotell, der bur ingen no. Eller ville den på leiting etter sine mange små artsfrendar som også er venta til Hellesyltdagane snart?

Sjølv om store, gule andemor var surra fast til land med fleire bardunar, reiv ho seg laus, velta seg over moloen ved Grand og la i veg ut fjorden. Ho duppa utover, nesten til Ljøen før ho vart innhenta av motorisert sjøgåande fartøy. Slepet tilbake til badestranda på Hellesylt gjekk greitt og der Store Kvakk vart lagt i «arrest» inn til vidare.

At dette skulle skje var overraskande også for Marianne som var med å sleppte anda på sjøen dagen før. Då var den gule anda i go`lage og flaut fint ved land, fortel Marianne på telefon.

Og kva hadde skjedd? Jau, alle festa på anda for bardunar hadde slitna. Arbeidet med å få dette reparert igjen er alt i gong, så alt skal gå etter planen, både med Hellesyltdagane og Det store Andesleppet søndag 8. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380