Applaus for Basecamp Hotel på Hellesylt

Desse var til stades og la fram planane for Basecamp Hotel på Hellesylt. Frå høgre Maria Lilly Flakk, Jan Ove Tryggestad, Knut Flakk, Margrete Lund, Sisilie Landmark. I bakgrunnen det nye hotellet som Hellesylt skal få.

På eit svært godt besøkt folkemøte vart planane for Basecamp Hotel på Hellesylt presentert. Ein del hindringar må løysast, men går alt som hotellinvestorane håper startar bygginga i 2019.

Det er liten tvil om at familien Flakk og Basecamp Hotel er velkomne til Hellesylt. Interessa for prosjektet og frammøtet på folkemøtet var enorm, og applausen sat laust etter kvart som detaljar vart presentert.

Familieselskap bak hotellet

-Vi er no komne dit at vi ønska å realisere planane for nytt hotell på Hellesylt som vi trur er eit spanande prosjekt, sa Knut Flakk. Gjennom familieselskapet Nødingen AS der dei to døtrene Maria Lilly og Erika June til saman eig 90 prosent av aksjane og Knut Flakk 10 prosent skal Basecamp Hotel realiserast. Det skal bli eit spesielt prosjekt, ikkje berre for Hellesylt, men også i Norsk samanheng. Hotellet skal vere for både turistar og andre, og det vil bli satsa spesielt på naturbaserte aktivitetar, sa Knut Flakk som presenterte prosjektet og heldt fram;

Ei merkevare

-Naturen vi har må vi ta vare på for våre barn og barnebarn og det vi gjer skal vere berekraftig. Fleire folk kjem til å bu i byar i framtida, men vil vere på jakt etter opplevingar, dei er ikkje fødd og oppvaksne på ein gard.

Vi ønskjer å bygge ei merkevare, og Hellesylt har alt å tilby av natur. Dette blir det fyrste Basecamp Hotel vi byggjer, og lukkast vi kan det bli fleire. Vi vil at det skal bli ein interessant del av lokalmiljøet, ein stad der alle kan møtast og planlegge neste dag i lag. Men det skal også vere ein stad for kvile og ro og for å samle nye krefter.

Sykling

Knut Flakk sa at det ikkje blir eit tradisjonelt hotell eller ei turisthytte, men noko midt i mellom, og han rekna opp fleire naturbaserte aktivitetar som skulle bydast fram i lag med eigne og lokale guidar. Som eksempel tok han fram dei to Moldskreddalane med sætrevegar til stølane. I mellom er berre ein sti som Basecamp Hotel kunne vere med å bygge ut til sykkelsti. Han nemnde fleire andre, Ljøbrekka, Flofjellet, turar og overnatting mot løyve på fjellgardar, eller i gapahuk, steinbuer telt og liknande. Også overnatting ute skulle leggjast til rette for. Moglegheitene var nesten utømmelege.

Utsyn frå restaurangen i Basecamp Hotel. Detaljer kan bli endra, men biletet gjev eit visst inntrykk korleis det blir.

Inntil fem etasjar

Basecamp Hotel er planlagt til 75 rom, med opp til fem etasjar. I fyrste høgda blir restaurant, bar, resepsjon og andre nødvendige funksjonar. Bygget stig mot fem etasjar i eine enden og alt oppover her blir gjesterom. Hotellet vil få ein røff arkitektur.

Ingen fleip

Ein del utfordringar må no løysast, mellom dei endring av reguleringsplan. Også flytting av noverande ferjekai hadde vore ønskjeleg, sa Knut Flakk.

Om Grand Hotell var Flakk klar på at restaurering var uaktuelt og for kostnadskrevjande. Men å gje det vekk om nokon vil ha hotellet var ingen fleip, men vedkomande må då fjerne det sjølv, gjentok han.

Det er arkitektfirmaet Snøhetta som har planlagt og teikna Basecamp Hotel på Hellesylt. Margrete Lund frå arkitektfirmaet gjekk grundig gjennom planane og arbeidet og begrunna kvifor bygget var teikna litt utradisjonelt som hotell.

Mana til samarbeid

Ordførar Jan Ove Tryggestad var også begeistra for det han hadde fått presentert. Det var spanande og eit konsept som ville skape næringsutvikling og arbeidsplassar for heile indre fjordstrøk. No må vi legge ned desse mest omstridde debattane om vern eller nybygg. Det er avgjerande om vi skal få folk til å satse i området. Frå kommunen vil vi jobbe med å få fjerna hindringar og vi treng folk som hjelper og påverkar. Det som vi ser no er av det største som har skjedd på Hellesylt sidan andre verdskrig, sa ein engasjert ordførar.

Få spørsmål frå salen

Han fekk eit spørsmål frå ein tilhøyrar i salen om Grand hotell og at det stod på ei liste som fortidsminnebygg. Tryggestad hadde høyrt argumenta om vern, men var ikkje i tvil. Han ville velje utvikling i staden for vern i denne saka.

Elles var det få spørsmål frå publikum, men det kom to tre innlegg som alle var positive. Konklusjon frå folkemøtet var at Basecamp Hotell var hjarteleg velkome til Hellesylt.

Den veste salen i samfunnshuset vart for liten og dørene til storesalen måtte opnast opp.

Margrete Lund frå Snøhetta prresenterte utkastet til Basecamp Hotel som vil strekkje seg frå sjøen og Hellesyltneset over til meieritomta.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380