LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2018

Billettsalet til messedansen er starta

I fjor vart messedansen arrangert på Ole Ringdal`s plass for fyrste gong og med stor suksess. Triveleg og god stemning, alt overvaka av Store Kvakk.

Om to veker står artist Rune Rudberg og band på scena under Hellesyltdagane. Billettsalet er alt i gong opplyser arrangør av messedansen Ramazan Øcal.

Hellesyltdagar kan skilte med fleire store underhaldningsnamn under «dagane» i år, frå 6. til 8. juli. Og for alle danseglade blir sommarhelga eit høgdepunkt, for til å levere for dansefoten har arrangør Ramazan Øcal hyra inn Rune Rudberg med band. Alle huskar nok landeplaga «Ut mot havet» for nokre ti-år tilbake, og garanter blir nok både den og andre svingande låtar å høyre frå utescena laurdag kveld 7. juli.

Messedansen blir som i fjor, under «open himmel», på Ole Ringdal`s plass like ved Sunnylven samfunnshus. Heile området blir innegjerda og der blir sett opp eit stort messetelt.

No er billettsalet starta, opplyser Ramazan Øcal. Billettar kan berre kjøpast ved frammøte på Øcal restaurant på Hellesylt inn til vidare, men alle kan gjerne kjøpe fleire billettar. –Gjerne hundre billettar om vedkomande vil, seier Ramazan. Han trur det er lurt å sikre seg billett til dansen i god tid, for det kan bli fullt då han har sett eit tak på antall billettar til messedansen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380