Elevar lagar dataprogram for mobil
Fire elevar ved Stranda vidaregåande skule har starta arbeidet med å lage eit dataprogram for mobiltelefon med informasjon om Hellesylt og Sunnylven. Deler av mobil-appen blir ferdig dette skuleåret.
Malene Olea Linge Valdal, Hannah Wollen Strand, Maria Wilhelmsen og Silvana S. Berge er alle elevar ved Stranda vidaregåande skule, klasse internasjonal engelsk. Gjennom sin lærar Ole Bjørn Hjellegjerde og Stranda kommune har dei fått og teke på seg eit spanande oppdrag. Dei fire kjem frå kommunane Valldal, Stordal og Stranda og no skal dei lage eit dataprogram som kan lastast ned til mobiltelefonar. Appen skal fortelje om natur, opplevingar og service i Hellesylt og Sunnylven-området. Elevane går til jobben i samarbeider over kommunegrenser med andre ord, og dei jobbar godt i lag.
Mange attraksjonar
Dei fyrste opplysningane er alt på plass og det kreative utkastet har gjort at også personar i andre deler av kommunen ønskjer seg liknande reklame, har vi fått oss fortalt.
Kvifor det vart Hellesylt-området denne gongen, veit ikkje dei fire jentene. Dei trur det kanskje er ein lekk i å leie reisande og turiststraumen litt meir spreidd i kommunen. At området har meir enn Hellesyltfossen å by på har i alle fall dei fire hyggelege elevane oppdaga.
Samla informasjon
Fredag 8. juni hadde dei jobbdag frå møterommet i Sparebanken Møre på Hellesylt for å samle informasjon. Dei hadde møte med leiaren i Hellesylt Ungdomslag og fekk opplysningar om aktiviteten i laget, det vart omvising på Peer Gynt Galleriet og informasjon om den nye Verdsarvutstillinga og tre-relieffa etter kunstnaren Oddvin Parr, og dei fekk samla mykje informasjon om Fjellgården Øvre Ljøen og aktiviteten der både på land og sjø.
Mykje arbeid står att seier dei fire. Hellesylt-området har langt meir å vise fram enn dei var klar over. Fyrste utkast av mobil-appen kjem med engelsk tekst, men målet er å få informasjonen teksta både på tysk og kanskje spansk, seier dei. Kva namnet blir er litt usikkert enno, kanskje Visit Hellesylt.
Viser utkast på storskjerm
Silvana, Maria, Hannah og Malene trur dei skal få ferdig deler av appen til Hellesyltdagane. Der vil dei presentere det dei har jobba med på storskjerm ved utescena. Neste skuleår skal arbeidet bli fullført, lovar dei. Det dei har sagt ja til og gjeve seg ut på er både interessant, krevjande og lærerikt, men ikkje skræmande arbeid, seier elevane. Om dei vil halde fram i same gate når yrkesvalet skal takast var vel ikkje heilt utenkjeleg.