Flott miniturnering på Stranda

Gutar 9 år vann og spela uavgjort i fotballturneringa på Stranda stadion.

Laurdag 9. juni var det miniturnering i fotball på Stranda stadion. Lag frå Storfjordområdet deltok, mellom dei tre lag frå Sunnylven IL

Det vart kjempa tappert frå mange spelarar i miniturneringa med Stranda fotball som arrangør laurdag 9. juni. Og veret viste seg frå si aller beste side med sol frå blå himmel.

Mellom mange lag frå indre Sunnmøre deltok tre lag frå Sunnylven IL, gutar 9 år, jenter 9 år, og jenter 7 år. Alle spela tre kampar kvar. For G9-laget vart de to sigrar og eitt uavgjort resultat, J9 fekk ein siger, ein uavgjort og eitt tap. Det yngste laget er eit mix-lag av jenter og gutar, men stilte som J7. Her vart det to sigrar og eitt tap.

I pausen var det stafett for dei som ville delta over fire etappar på 100 meter kvar. Sunnylven stilte eitt lag i gutar med berre to på laget. Difor vart det 200 meter lange etappe på kvar. Det kunne godt ha vore enno lenger såg det ut som, for Sander og Ari vann ein knusande overlegen siger i sitt stafettoppgjør.

Miniturneringa på Stranda stadion vart eit flott og triveleg arrangement og godt avvikla av Stranda Fotball.

Spanande kampar også for jenter 9 år som både vann, spela uavgjrt og tapte.

Ari t.h. og Sander spelar på G9-laget men kan også å springe fort. I stafett var dei suverene.

J7-laget til Sunnylven, i raude drakter er ein mix av gutar og jenter. Dei hadde også ei flott fotballturnering på Stranda stadion.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380