Gamal «stas» på tur

Av vel 20 veteranbilar på tur hadde fleire bokstavane GS på sida.

Frå Geiranger med ferja Bolsøy kom over 20 veteranbilar til Hellesylt laurdag. Dei var på tur «over land».

Det var blankpussa nostalgi som køyrde på land frå ferja på Hellesylt laurdag. Over 20 veteranbilar av modellar mellom 1920 og 1934 var på tur «over land», frå Hellesylt om Stryn og tilbake til Geiranger. Vi såg fleire som stod GS på (Geiranger skysslag) så ruta var den same som bilane hadde rulla før for nokre år tilbake.

Det var 7-seter treff fekk vi oss fortalt av ein av sjåførane, godt kledd med hue og lang frakke. For veret kunne gjerne vore betre, i alle høve temperaturen. Dei fleste bilane var frå lokalt område, vi såg hotellmannen Karl Mjelva i ein av dei, men her var veterankøyretøy heilt frå Bergen og nabolandet Sverige.

Frå Hellesylt skulle turen halde fram til Stryn med lunsj på Visnes Hotel, og deretter over Strynefjellet, kanskje ein tur opp Dalsnibba og så tilbake til Geiranger. Her er bilete av fleire bilar;

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380