For 35 år sidan

GRØNT GRAS PÅ STADION

Dugnadsgjengen i full gang

Arbeidet med det nye Hellesylt Stadion ved Jogardsbøen nærmar seg no si fullføring. Alt i dag kan ein  med sjølvsyn slå fast at det vert eit flott anlegg på alle måtar, og eit anlegg som bygdefolket vil få både mykje nytte og glede av. Grasbana er alt grøn og det siste arbeidet som har foregått, har vore å stelle til og så i kantane rundt bana og ymse grasfelt. Vatningsanlegget er og på plass.

Steinar Ringdal, formann i banenemnda.

I år står det att å få laga til løpebana og få lagt steinmjøldekke på ho. Før sesongen 1984, då bana skal takast i bruk, skal det og vere oppsett gjerde kring anlegget som i alt er på heile 22 mål ! På annan stad i avisa ser vi at anlegget no er fullfinansiert. Eit slikt anlegg krev store utteljingar i ei eller anna form frå idrottslaget som står bak. Og det skulle seie alt om ein stor dugnadsinnsats at Sunnylven IL kan ta i bruk anlegget til ca kr. 750.000,- skuldfrie, når dei kommunale og statlege tilskot vert betalte ut. Primus motor Steinar Ringdal og hans dugnadsgjeng kan med rette vere stolte av resultatet av arbeidet sitt her.

Kommunestyret gav garanti.

Som fortalt i førre nummer har Idrottslaget kr 100.000,. for lite til å få fullført arbeidet på Hellesylt stadion. Desse pengane må skaffast gjennom lån til dei forventa statlege og kommunale midlane kan betalast ut når anlegget står ferdig. Sunnylven Sparebank har ytt idrottslaget dette lånet. Konkret skal dei 100.000,- gå til steinmjøl på løpebane og treningsfelt, til vatningsanlegg , til kalk, frø, gjødsel, lån av veghøvel o.a., samt til gjerde rundt anlegget. I kommunestyremøtet på Hellesylt 1. juni var  søknaden om kommunegaranti for lånet oppe til godkjenning.

Frå Sunnylvsgruppa, som var hovudtalsmenn for idrottslaget sin søknad, vart det hevda at Stranda kommune gang på gang har etterlyst eit langtidsbudsjett for å få betre styring med kommunen si drift, Men det vart vist til at innan idretten har ein alt eit slikt langtidsbudsjett, som ein kallar idretten sin sektorplan, og at idretten går føre med eit godt eksempel når det gjeld styring innan  idrettssektoren. Denne gode styringa har skapt eit tillitsforhold til idretten som på denne måte har fått løyst mange store oppgåver. Sunnylven IL sitt anlegg på Hellesylt står også oppført i sektorplanen og Stranda kommune har vedteke å ta på seg dei forpliktingar som tildeling av tippemidlar tilseier. Når det gjeld kommunal garanti garanti er det 3 faktorar som må oppfyllast:

l . Er formålet til stades ?
2. Er den som skal få garantien i stand til å gjennomføre planen ?
3. Vil garantibeløpet som må sjåast som kommunalt engasjement bli godkjent av fylkesmannen?

Til dei to første punkta meinte dei som tala for garantien at svaret var ja. Til det 3. vart det frå sunnylvsgruppa opplyst at fylkesmannen aldri hadde sagt nei til garanti med mindre søkjaren ikkje var kredittverdig. I tillegg til sunnylvsgruppa tala Foss frå Venstre varmt for garanti og Støyva (A) gjorde · det og klart at gruppa ville stemme for. Mindretalet sin hovudtalsmann, Engeset frå Senterpartiet, hevda at kommunen ikkje hadde råd til å gje garanti m.a. fordi det også var andre som venta på tilskot. Til det vart sagt at argumentasjonen til mindretalet ikkje er aktuell dersom Sunnylven IL greier å gjennomføre planen. Garanti vart så gjeve med 19 mot 8 røyster, som er kvalifisert fleirtal.

Før saka vart teken opp til avstemming, var kommunestyret på synfaring, og kunne med eigne auge sjå kor flott anlegget allereie ligg der. Formannen i Sunnylven IL, Kjell Runde, var til stades og  orienterte og svara på spørsmål.

Dugnad.

Denne artikkelen er henta frå Sunnylvingen nr.12 (10. juni 1983).

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info