Gutar 13 år «knuste» til

G-13 etter storsigeren på Hellesylt stadion onsdag kveld. (Foto: Lill Susann Hole)

Sunnylven sitt G13-lag avslutta vårsesongen med storsiger 19-5 over Folkestad.

Kampen mot Folkestad var den siste i vårsesongen og vart spela på Hellesylt stadion. Domar var Lillian Aasheim.

Det komande storlaget til Sunnylven har spela fem kampar før sommarferie. Det har blitt tre sigrar og to tap. Storsigeren i siste kamp hjelpte godt på målstatestikken med 49 skåra mål og 30 baklengs.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380