Har starta utbetring av Herdalsida

Måndag 18. juni starta arbeidet på postvegen over Ljøbrekka igjen. I år skal den bratte Herdalsida opp 22 svingar utbetrast og då blir denne delen av vegen stengt for turgåarar i arbeidstida.
Det er planen å restaurere turvegen på omlag halvparten av bratta på Herdalsida i år. Arbeidet med to sherpaer og ei gravemaskin vil starte ved tunnelpåhogget ved fremste Herdalsvatnet. Ein reknar med at arbeidet vil halde fram til ut i oktober, skriv «arbeidsgjevar» Ljøbrekkas Vener i ei orientering.
Dei skriv vidare at sidan det er så bratt på denne sida, kan ikkje folk gå opp der medan arbeidet pågår. Stein og lausmasse kan falle nedover og medføre livsfarlege situasjonar. Råsa vil vere stengd med merkesnor.
Ikkje heilt stengd
Også på toppen av Ljøbrekka vil vegen ned til Herdalen vere stengd med oppsette merkesnorer. Men kvar søndag vil heile strekninga over Ljøfjellet vere open, for då pågår det ikkje arbeid.
Postvegen over Ljøbrekka vil ikkje vere heilt stengd. Folk kan gå uhindra frå Ljøen og til toppen av Brekka kvar dag til ei kvar tid. Frå Herdalen kan ein også gå fritt kvar dag nesten fram til tunnelpåhogget. Også nokre laurdagar når det ikkje pågår arbeid vil vegen kunne vere open.
Har merka anna turrås
Når sperringane er nede er vegen open og då kan folk, på eige ansvar, gå heile vegen. For folk som er rimeleg spreke, er det råd å gå over Ljøfjellet alle dagar. Det er merkt ei anna turrås frå Herdalsvatnet til toppen av Brekka. Denne råsa startar ved vatnet og går bratt opp på fjellryggen og vidare til toppen av Brekka (Brekkeskaret). Råsa er godt merkt med raud farge og skilt. Ved vatnet startar ein ved eit skilt som det står Brekkeskaret på. Undervegs finn du to skilt til med same namnet på.
Respekter merkingane
Også andre vegen ned frå Brekka til Herdalen er den «nye» råsa merka. Råsa opp frå vatnet, eller ned til vatnet, er bratt og noko sleip, så ho er ikkje for alle. Lettast er det å gå opp frå fremste Herdalsvatnet.
Vonar dette er greie opplysningar som folk forstår, skriv Ljøbrekkas Vener. Dei håper at turgåarar respekterer merkingane og ikkje bevegar seg i arbeidsområdet, det kan vere svært fårleg, -og difor må vi gjere det slik, heiter det.
NB! Den nymerkte råsa går i flott turterreng. GOD TUR!
