LokalnyttLokalsport

Heimesiger i nabooppgjør

Sunnylven vann nabooppgjøret mot Stranda 7 – 5 (2-2) i menn 7-er på Hellesylt stadion tysdag kveld.

Det vart eit intenst nabooppgjør då menn 7-er frå Sunnylven møtte Stranda på ein kjøleg Hellesylt stadion tysdag kveld. Etter 2-2 ved pause enda det med siger til heimelaget 7-5.

Stranda tok leiinga i fyrste omgang og la på til 2-0 før Sunnylven reduserte to gonger. Laga gjekk til pause på uavgjort 2-2.

I andre omgang starta gjestane best og donka inn to nye mål, før heimelaget redusering på straffe ved Alf Ole Sundgot, og minuttet etter stanga han inn utlikning til 4-4. Sunnylven auka leiinga til 6-4, men så reduserte Stranda på straffespart åtte minutt før slutt. Og det kunne fort ha blitt balanse i målprotokollen like etter då ballen small i stolpen og ut.

Det vart tøffe tak i sluttminutta av nabooppgjøret med to minutt tillegg, men heilt på tampen kombinerte Sunnylven fint og sette det sjuande målet i nota bak Stranda sin beste, burvaktar Bjørnes. God innsats av alle på heimelaget gav tre nye poeng og fin oppreising for stortapet 11-0 mot HaNo nyleg.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380