Kulturskuleelevar med sommarkonsert

Musikalsk innslag frå sommaravslutninga i fjor med frå venstre Kasper, Jakob, Johanne og Sigrid Imilie.

Fredag kveld er det klart for eit nytt, stort musikalsk høgdepunkt i Sunnylven. Då blir det konsert med elevar i Stranda kulturskule.

Det blir korps, band og andre musikalske innslag når elevar frå kulturskulen i Sunnylven inntek scena i Sunnylven samfunnshus fredag 15. juni for å framføre sin årlege sommarkonsert.

Kulturskulen med sine dyktige lærarar blømer i Sunnylven og har elevar som spelar på mange instrument, både tangentinstrument, gitar, slagverk og fele som vi kjenner til. Kanskje blir det også songinnslag å høyre frå elevane

Under sommarkonserten får publikum høyre både Sunnylven skulekorps og elevar frå KIS (korps i skulen), eit prosjekt som har øving i skuletida og rekrutterer nye korpsmedlemer.

Kulturskulen si sommaravslutning i Sunnylven er på samfunnshuset fredag 15. juni kl. 19.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380