Lokaloppgjør i menn 7-er
Tysdag 5. juni blir det lokaloppgjør i fotball på Hellesylt stadion. Der spelar heimelaget Sunnylven mot Stranda om beste 7-er menn i kommunen.
Sunnylven starta sesongen med to sigrar i 7-er fotball for menn, 5-4 mot Valldal og 10-4 mot Emblem. Så kom ein solid nedtur med tap 11-0 mot HaNo bort. Eit noko uvanleg resultat for det som vi meiner er eit godt Sunnylven-lag.
Tysdag får vi sjå om det blir poeng mot nabo Stranda sitt mannskap. Kampen har avspark på Hellesylt stadion kl. 18.30. To dagar seinare er det bortekamp mot NEG.
Sunnylven ligg på femte plass på tabellen og har 6. poeng på tre kampar. Stranda har spela fem kampar og har andre plass med 9. poeng. HaNo leiar menn 7-er avd 2.