Lokalnytt

Mange feira jonsok på badestranda

I Sunnylven vart jonsokkvelden feira i fint ver på fleire stader, mellom anna på badestranda på Hellesylt.

Det var ferre bål enn vanleg på jonsokaftan i Sunnylven, men på badestranda hadde Hellesylt Vel rigga tradisjonelt, og der var sal av vaflar og kaffi. I tillegg var fleire grillar fyrt opp så der kunne alle få grille både pølser og anna. Og dei aller yngste kunne prøve seg på både pilkast og andre enkle aktivitetar.

Mange kom og gjekk til badestranda og jonsokfeiringa der, også turistar stakk bortom den idylliske plassen for å få med seg tenninga av jonsokbålet. Ikkje på storleik med Slinningbålet i Ålesund, men pallane og litt anna gav både røyk og flammar til glede både for dei frammøtte og hobbyfotografane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380