Lokalnytt

Meisterorganist i Sunnylven kyrkje

Ivan Sarajishvili, domorganist i Stavanger domkyrkje kjem til Sunnylven kyrkje med konsert måndag 18. juni.

På måndag 18.juni får Sunnylven kyrkje besøk av Ivan Sarajishvili, ein av dei fremste organistane i landet. Eit variert repertoar står på programmet, mellom anna Bach sin kjende Toccata og fuge i d-moll

Presseskriv

Å få meisterorganist Ivan Sarajishvili på besøk blir ei stor oppleving. I Sunnylven kyrkje blir det eit variert og flott program på det staselege Jehmlich-orgelet. Her ventar ei feststund for alle musikkinteresserte!

Ivan Sarajishvili er født i Tbilisi i Georgia i 1972. Han tok kantorutdanning ved Norges Musikkhøgskole og starta deretter som stipendiat ved Hochschule der Künste i Berlin. Etter hovudfagsstudium ved NMH og solistklasse ved Det kgl. Danske Musikkonservatorium, hadde han debutkonsert i Oslo domkirke i 2006.

Han har hatt kantor- og organiststillingar i Tbilisi, Berlin, Oslo, Gran og er no domorganist i Stavanger .
Ivan har halde konsertar i Norden, Tyskland, Ungarn, Polen, Tsjekkia, Russland, Spania og Italia.
På konserten  spelar han musikk av Bach, Vivaldi, Homilius, Schumann og Couperin.

Konserten i Sunnylven kyrkje er måndag 18. juni klokka 20.00.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380