Lokalnytt

Ny styreleiar i VestlandsHus AS

Øystein Ljøen ønska avløysing som styreleiar i VestlandsHus. Han er dagleg leiar i HT Bygg Hellesylt AS.

På siste årssamling i VestlandsHus AS vart advokat Dag Stadheim valt til ny styreleiar. Han avløyser Øystein Ljøen frå Hellesylt som ikkje ønska attval etter ti år i leiinga i boligprodusentkjeda.

Etter ti år med styrearbeid i VestlandsHus AS, dei tre siste som styreleiar, tykte Øystein Ljøen frå Hellesylt at det var nok i denne omgang og ønska avløysing. Ljøen er i dag dagleg leiar i HT Bygg Hellesylt AS.

Ønska juridisk kompetanse

Etter innstilling frå valkomiteen vart advokat Dag Stadheim samrøystes valt til ny styreleiar. Stadheim jobbar som advokat i Oslo med bustad Drøbak, men har nære slektsband til Sunnylven og Hellesylt. Etter det vi forstår tok han ikkje lang tenketid på å seie ja då han vart førespurt. Valet var også midt i blinken for byggfirmaet som ønska seg meir juridisk kompetanse inn i styret, seier Øystein Ljøen. Stadheim har mellom anna jobba mykje med eigedomsmarknaden i Oslo. No skal han styre landets mest etterspurde hus og hytteprodusent med Norges flottaste huskatalog, hevdar Ljøen.

Har tru på auke

VestlandsHus AS er ei kjede av 45 større og mindre byggfirma. I 2017 leverte kjeda hus for 1.0 milliard kroner, men etter visse rokkeringar og at eit endringsprogram er på plass trur Ljøen at tala vil auke, kanskje doble seg alt i 2018.

Største aksjonær i boligprodusentkjeda er HT Bygg Hellesylt AS og Vestbygg AS. Begge eig 10.0 prosent aksjar i kjeda som er maks tillatt for ein aksjonær. Dagleg leiar i byggkjeda er Lars Erik Vinje. Den nye styreleiaren, Dag Stadheim held sitt fyrste styremøte i VestlandsHus AS 19. juni.

Advokat Dag Stadheim vart samrøystes valgt som ny styreleiar på siste generalforsamling i byggkjeda VestlandsHus AS.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380